Den finn du her!

Off, blæh og jatakk
mars 4, 2008De er vel kjende med ordtaket “stille før stormen”. Slik det ser ut nuh, freistar det å vere i det semi-kreative språk-hjørnet og snu om dette til “storm før stillheita” (Finst det eit betre nynorsk ord enn “stillheit”? Hjelp meg med den). Alt er ein virvelvind av frustrasjon og stress (OOh, poetisk), og STORM er det som har føregått i hovudet mitt dei siste vekene. Prøver, framføringar, innleveringar, møter, mas og kjas, og stillheita skal i teorien senke seg over dei to komande vekene sidan klassetur og påskeferie står for tur.
Eg har ein klump i ryggrada som fortel meg noko anna enn at fred og kjærleik skal på magisk vis fordrive stormen i hovudet mitt dei komande vekene. Eg reiser til Trondheim, så Oppdal, så heimatt, så til London, og deet kan bli stress – MEN positivt stress, då! Særemne og anna dritt kjem til å henge over meg i påskeferien, eg skal jobbe og prøve å kome meg frampå i skulesamanheng. Påskefeire blir påskeblæh med andre ord.
Blæh.
OK, nok syting. Morgondagen skal tilbringast på høgskulen, der det finst arbeidsro, og kanskje eg klarer å gjere eit ærleg dagsarbeid der borte. POSITIVT: London blir kjempekjekt. Longt vekk, sosialt, koseleg og ei redige avkopling. Bursdags- og hadebrafest til Thomas som skal til USA, Poff, pang, russetid og skuleavslutning. Jaaaatakk til positive tankar og ei lys framtid.
Jatakk til Skruf som er eit lyspunkt for overleppa mi kvar dag også.
Jatakk til Madame Tussauds i London!
beatles.jpg

Notatar frå ein historietime. Les og lær.
februar 19, 2008USA sitt problem då, viss det var eit problem, så var det England og Tyskland
Opp som ei rakett
Storslått isolasjon
Kjempebra med USA
Heldt seg unna verdenspolitikk
Skapte krise
Navlebeskuande-he-he-he
ENORM
lån oppetter PIPA
Texas i New York
Temmeleg kjappesen utfor bakkja
skuldige mykje penge, tene mykje penge, tape mykje penge
NORGE fekk tre fliser i raua
Deppa
hadde vi tekje SUNNMØRINGANE og gjort dei til svenska
hadde ho våre i USA hadde ho drive med HOOVERING
Coca Cola-samfunnet
Fanteriet som Heidi har heime på hybelen sin
Bur du i eige hus, altså?
Filmindustri, Hollywood
I Bibelen er der ein tøffing som blei big boss i Egypt
Denne Josefen tydde ein draum
Josefsk økonomitenking
Likbåla brann over heile midtvesten
Verdas største kraftverk
Få dollaren i omløp
Felles med USA, Russland, Hitlers Tyskland og etterkvart Norge, det er at STATEN HAR EIT ANSVAR, WRAAAAHH

Musikalogvinterferie 2
februar 17, 2008Oj sann! Livet passerer litt i revy, eller rettare sagt, året passerer. Ikkje i revy, berre passerer forbi liksom. I ei rasande fart. Og lengre nede på sida kan ein lese eit innlegg som kallast “musikalogvinterferie”, som vart skrive for om lag eitt år sidan, noko som indikerer at eg burde kanskje ha vore litt meir aktiv i mellomtida.
Eigentleg har eg hatt litt angst for å skrive blogg, for eg har gjort ein del lovnadar som “Dette kjem det meir om seinare” i tidlegare blogginnlegg, og så har eg kjent på kroppen at det er forpliktande, og at eg burde faktisk skrive meir om det seinare. Det har eg altså ikkje gjort, så vi droppar det, og går vidare med livet. Eg likar å gå vidare med livet. Eg likar eigentleg livet veldig godt, sånn det går no. Sjølv om eg har småangst for særemne, stilar, prøver, tentamenar, eksamenar og OJ, det gjekk visst alt under kategorien “Skule”. Dumme skulen. Men også dumme det at skule snart er ferdig, og alle vindane skal kaste oss utover alle verdas kantar slik at vi kanskje ikkje ser kvarandre meir enn ein gong i året eller meir eller mindre.
Det har altså vore musikal og vinterferie igjen. The World of Oz var ein gladmusikal, men likevel måtte det kome litt tårer då vi var ferdige, nettopp grunna desse ulumske vindane og andre element som skal spreie oss longt vekk frå kvarandre i seinare tid, og det faktum at vi aldri meir skal lage musikal i lag spelte inn som ein tåreprodusent. Det var kjekt, daaa. Kjempekjekt!
Eg har gjort ein ting i vinterferien som eg er stolt av. Eigentleg to, men det er ein ting eg skal skrive om no som eg har gjort som eg er stolt av, som mor mi ikkje er så veldig begeistra for, men som eg er svært kry av meg sjølv for å ha gjort, fordi det var SMERTEFULLT, men no veldig pent.
Eg.. har.. tatovert meg!! JA DET HAR EG!
Den andre tingen eg er stolt av at eg har gjort, er at eg har skrive ein god del på særemnet mitt. Eitt av dei. Men det er ikkje kjekt, så eg går tilbake til den første tingen eg er stolt av som eg heller vil skrive om her.
Eg har no eit permanent ornament på ryggen. Det er ein sumarfugl, eller eigentleg eit slags omriss av ein sumarfugl med mønster inni. I ein augneblinks stoltheit kjøpte eg faktisk ein topp med bar rygg som eg skal ha på meg ved ei eller anna anledning der eg føler at eg liksom “tilfeldigvis” berre har pynta meg og OJ, der viste tatoveringa også. Knis.
Vil du sjå? Her:
![]()
No drikk eg vanilje-te som eigentleg ikkje er så god. Eg fekk te i lausvekt i julegåve i forfjor som eg ikkje har visst korleis eg skal lage, men så kom eg på ein lur ting. Eg lagar den i kaffitraktaren! Med fare for at framtidig kaffi kjem til å smake av vanilje og appelsin, har eg teke i bruk kaffitraktaren som te-maskin med suksessfullt utfall. Sjølv om den ikkje var så god. Men det er ikkje kaffitraktar-metoden min sin feil.
No skal eg snart på jobb. Russetid og klassetur står for tur, så pengar må tenast.
Adios.

HØYR PÅ MEG!
januar 14, 2008Skule-Noreg har eit problem. Eg snakkar ikkje som at elevane, lærarane og skulesystemet er for dårleg, sjølv om at dette spelar inn som ein faktor i problemet, og løysinga, eg no skal presentere.
Eg snakkar om det superkontroversielle problemet som alle elevar i den norske skulen føler på kroppen, nokre kvar dag, og nokre to gonger i året. Sidemål-striden. Skal det vere valfritt eller obligatorisk sidemål?
For å gjere ei lang, revolusjonerande historie kort, har forskjellige dialekter i Noreg eksistert like lenge som her har funnest folk, mens skriftspråket bokmål er basert på språket til dei som «eigde» Noreg i ei begrensa tidsperiode, nemleg danskane. Ivar Aasen tok på seg oppgåva med å samle ord og uttrykk frå det langstrakte land og forma det ekte, norske skriftspråket, som vi i dag kallar nynorsk.
Det føregår ein kamp. Nynorskbrukarane kjempar for å behalde identiteten sin, for å få lov å skrive det skriftspråket som ligg dialekta deira nærast, og for at fleirtalet, bokmålbrukarane, skal anerkjenne dette og hjelpe å halde språket, kulturen, identiteten og mangfaldet i live. Bokmålbrukarane kjemper ein kamp for at dei skal få sleppe å lære nynorsk, og dermed begrense jobbmoglegheiter, kunnskap og evner til å utvikle språkkunnskap ellers. Kvifor gjer dei dette?
Nynorskmotstandarane argumenterer jamt over ganske likt. «Nynorsk er vanskeleg å lære. Det er unødvendig. Vi får ikkje bruk for det.» Men er dette sant? Treng det verkeleg å vere slik? Skal vi kunne grine ut at matte er for vanskeleg, og så sleppe det?
Nynorskbrukarar har riktig nok ein fordel. Bokmål fins overalt. Skal vi på kino, lese blad, sjå på TV, lese på ei leverposteiboks eller i ei bruksrettleiing, er det 100.01% sjanse for at det står på bokmål. Skal nynorskbrukarar sette seg ned og skrive ein bokmålstil, er det berre å legge om hjerna og tenke slik dei snakkar på TV og i radio heile tida. Står ein fast i eit grammatikkspørsmål er det berre å sjå for seg ei leverposteiboks eller ei bruksrettleiing.
Valfritt sidemål. Ordet valfritt har i mange samanhengar ei positiv ladning, men i denne samanhengen får ordet meg til å grøsse. Dersom forslaget om å gjere sidemålsundervisninga i skulen valfri kjem gjennom, vil det få ei rekke negative konsekvensar. Kort sagt vil det verte valfritt sidemål for bokmålbrukarane, og obligatorisk og uunngåeleg sidemål for nynorskbrukarane. Bokmålbrukarane veljer det vekk, og nynorsk endar opp som eit delemne under kapittelet språkhistorie i norskboka. Bokmål vil fortsette å dominere alle flater det går an å skrive tekst på, og språkbiletet i Noreg vil verte svekka. Er dette verkeleg ein konsekvens dei lite samarbeidsvillige nynorskmotstandarane er villige til å gå med på?
I staden for å fjerne sidemålsundervisninga og drepe det siste håpet nynorskforkjemparane har att, finst det ei løysing for at begge partar skal vinne. Det må verte enklare å lære. Det må verte meir aktuelt. Undervisninga må betrast. Lærarar må kursast. Undervisninga må verte meir omfattande, ikkje mindre. Ikkje berre må det puggast grammatikk, nynorsk må slutte å bli behandla som eit utdatert fenomen, eit nødvendig onde og eit framandspråk. Og for all del, MEIR NYNORSK I MEDIA.
Nynorsk er eit høgst levande og viktig skriftspråk, og må bli behandla deretter. Kva om ein og annan statoilstasjon i Oslo byrja å setje opp reklameplakatane sine på nynorsk? Eller om dei vanskelegaste verbbøyingane plutseleg kan vere å lese på sida av bussar og trikkar? Nynorsken hadde fått meir spelerom, det hadde blitt enklare å lære, og problemet er løyst.

Chickelacke, chickelacke, show, show, show!
januar 14, 2008Elevar i raude og blå kjeledressar er eit like sikkert vårteikn som kvitveisar og tørr asfalt. Tredjeklassingane på vidaregåande skule skal atter ein gong om få månader feire avslutninga på 13 års skulegong, til båe glede, irritasjon, fryd og forbanning for mange. Er russetida ein artig og festleg tradisjon, eller berre ei unnskyldning for å vere raud- og blåkledde idiotar i 17 dagar?
Den århundregamle setninga «Ungdommen no til dags» renn ut av mange vaksne munnar i mai månad, og faktumet om at russetradisjonen kan skrivast heilt tilbake til tidleg på 1900-talet gøymer seg godt bak i hovudet når den eldre garde ristar på skjegget over fenomenet.
Russefeiringa er ideelt sett ein markering av ei fase i livet der ein avsluttar eit svært langt løp med skulegong, før ein skal ut i vaksenlivet for fullt, og vil stå i fare for å få vekke enda større reaksjonar om ein skulle finne på å kle seg i kjeledressar og utføre handlingar som er utradisjonelt for eit vakse, relativt fornuftig menneske. Som 18- og 19-åringar som har vakse opp i lag og skal spreiast for alle vindar etter avslutninga på treårig vidaregåande skule, er russefeiringa ei samlande tid med aktivitetar som kan vere med å sikre vidare vennskap med jamaldringar.
Om ikkje russetida hadde eksistert slik den gjer i dag, hadde tredjeklassingane då gjort ein så stor innsats med rebusar, felles diskotek, treff og andre sprell for å samle kvarandre, bli kjent og gle seg over tida dei har hatt saman? Hadde russetida vorte avskaffa slik nokre presterer å true med kvart einaste år, hadde det berre fått eit nytt namn og fortsett akkurat som før, nettopp grunna den sterke rota i tradisjonen og behovet for å ha ei periode der ein kan sove i telt i hagen til læraren, sitje med undertøyet utanfor russedressen i ein skuletimetime, gå bakover i alle trapper ein heil skuledag, ete ein heil pakke bamsemumsar på kortast mogleg tid og ikkje minst, markere seg.
Der fins alltid nokon som skal drite ut heile kullet sitt og gi skjegga grunn til å riste, men om det alltid skulle vere slik at ein skal skjere alle jamaldringar over ein kam dersom nokre få veljer å vere idiotar, hadde ikkje eit einaste menneske i nokon slags alderstrinn kunne gått på gata utan å verte uglesett, og eit slikt samfunn er det ingen som vil ha.

Kjære Glenn Ove
september 30, 2007Håper du er på ein betre plass no, der du får spre glede og håp med den herlege latteren din og det lure smilet ditt. Du var ein liten fighter, og vil alltid leve vidare i hjartet mitt og vere til inspirasjon for meg.
Takk for alt
<3

Aksjon FOR lærebøker på nynorsk
august 30, 2007Atter ein gong viser elevane ved Volda VGS musklar, og kastar seg på ein aksjon i regi av Norsk Målungdom for å demonstrere kva vi tykkjer om at obligatoriske lærebøker endå ikkje har nådd bokhandlane på Nynorsk. Les meir om dette i Sunnmørsposten . (Eg er blondina med palestinaskjerf bak Ingriden som er nærast kamera)
Fred, kjærleik og nynorsk til folket!

Ungdomslov
juli 3, 2007Politikarar: få ut fingeren og gi norsk ungdom ei ungdomslov, FFS
Pis, løv & likestilling i aldersgruppene

Gardeball
juli 1, 2007Oslo. Hotell Plaza. Lysekroner, spegeltak og 32 etasjer. Glitter, stas, høgtidelege talar, uniformar og medaljar. Skikk og bruk, normar, reglar, takt og tone. Strenge presantasjonsrutiner og høgrereglar. Damene først, og til høgre for mannen. Forrett, hovudrett, sjampanje, kvitvin, rødvin, kaffi og dessert. Ballkjolar og blautkakekjolar, hundrevis av høghæla skor, hårlokkar med glitter på, silkehanskar, neiing, bukking, polynese og vals. Og sjølvsagt, årets “must” som det så klårt er omtalt i diverse moteblad, var sjølvsagt eit utprega fenomen på Gardeballet: Små, hankelause, firkanta handvesker som, heilt klart, matchar kjolen og gjerne også øyredobbane.
Susanne midt i ein slik setting er kanskje ikkje det første mine kjente og kjære ser føre seg når det er meg det er snakk om. Uelegante, vimsete Susanne med nasering og lillastripete hår tok på seg langkjolen til mor si som var kjøpt på salg, smykker og øyredobbar frå Glitter, høghæla skor og falske negler og hoppa i det, ho. Slik ho alltid gjer. Det må prøvast, veit du. Min gode venn Lars-Erik dimmar om fem dagar og var så hyggjeleg at han spurte om eg ville vere med på gardeballet som ei avslutning på eitt års tjeneste i Garden. Det var en minnerik kveld, og ei oppleving utanom det vanlege, absolutt. Og eg snubla ikkje. Sølte ikkje, heller. Og eg lærte Lars-Erik Cha-cha-cha til kompliserte jazzrytmer frå miniorkesteret som spelte.
Mange Gardistar har forresten svært faste handtrykk. Og rekepaté smakar ikkje betre sjølv om du skyller det ned med ruccola, pesto og kvitvin. Eg har bevist at eg kan vere elegant og sofistikert, og Lars-Erik er miljøskada av austlendingar og nordlendingar. Det var utruleg artig å få lov å oppleve sjølvaste Gardeballet. Eg øydela illusjonen om at eg var verdensvant og uberglamorøs og leika litt japansk turist med kameraet mitt til tider. Så bilete kjem snart:)
Juhu! Kva vert neste?