h1

Chickelacke, chickelacke, show, show, show!

januar 14, 2008

Elevar i raude og blå kjeledressar er eit like sikkert vårteikn som kvitveisar og tørr asfalt. Tredjeklassingane på vidaregåande skule skal atter ein gong om få månader feire avslutninga på 13 års skulegong, til båe glede, irritasjon, fryd og forbanning for mange. Er russetida ein artig og festleg tradisjon, eller berre ei unnskyldning for å vere raud- og blåkledde idiotar i 17 dagar?

Den århundregamle setninga «Ungdommen no til dags» renn ut av mange vaksne munnar i mai månad, og faktumet om at russetradisjonen kan skrivast heilt tilbake til tidleg på 1900-talet gøymer seg godt bak i hovudet når den eldre garde ristar på skjegget over fenomenet.

Russefeiringa er ideelt sett ein markering av ei fase i livet der ein avsluttar eit svært langt løp med skulegong, før ein skal ut i vaksenlivet for fullt, og vil stå i fare for å få vekke enda større reaksjonar om ein skulle finne på å kle seg i kjeledressar og utføre handlingar som er utradisjonelt for eit vakse, relativt fornuftig menneske. Som 18- og 19-åringar som har vakse opp i lag og skal spreiast for alle vindar etter avslutninga på treårig vidaregåande skule, er russefeiringa ei samlande tid med aktivitetar som kan vere med å sikre vidare vennskap med jamaldringar.

Om ikkje russetida hadde eksistert slik den gjer i dag, hadde tredjeklassingane då gjort ein så stor innsats med rebusar, felles diskotek, treff og andre sprell for å samle kvarandre, bli kjent og gle seg over tida dei har hatt saman? Hadde russetida vorte avskaffa slik nokre presterer å true med kvart einaste år, hadde det berre fått eit nytt namn og fortsett akkurat som før, nettopp grunna den sterke rota i tradisjonen og behovet for å ha ei periode der ein kan sove i telt i hagen til læraren, sitje med undertøyet utanfor russedressen i ein skuletimetime, gå bakover i alle trapper ein heil skuledag, ete ein heil pakke bamsemumsar på kortast mogleg tid og ikkje minst, markere seg.

Der fins alltid nokon som skal drite ut heile kullet sitt og gi skjegga grunn til å riste, men om det alltid skulle vere slik at ein skal skjere alle jamaldringar over ein kam dersom nokre få veljer å vere idiotar, hadde ikkje eit einaste menneske i nokon slags alderstrinn kunne gått på gata utan å verte uglesett, og eit slikt samfunn er det ingen som vil ha.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.