h1

Musikalogvinterferie 2

februar 17, 2008

Oj sann! Livet passerer litt i revy, eller rettare sagt, året passerer. Ikkje i revy, berre passerer forbi liksom. I ei rasande fart. Og lengre nede på sida kan ein lese eit innlegg som kallast “musikalogvinterferie”, som vart skrive for om lag eitt år sidan, noko som indikerer at eg burde kanskje ha vore litt meir aktiv i mellomtida.
Eigentleg har eg hatt litt angst for å skrive blogg, for eg har gjort ein del lovnadar som “Dette kjem det meir om seinare” i tidlegare blogginnlegg, og så har eg kjent på kroppen at det er forpliktande, og at eg burde faktisk skrive meir om det seinare. Det har eg altså ikkje gjort, så vi droppar det, og går vidare med livet. Eg likar å gå vidare med livet. Eg likar eigentleg livet veldig godt, sånn det går no. Sjølv om eg har småangst for særemne, stilar, prøver, tentamenar, eksamenar og OJ, det gjekk visst alt under kategorien “Skule”. Dumme skulen. Men også dumme det at skule snart er ferdig, og alle vindane skal kaste oss utover alle verdas kantar slik at vi kanskje ikkje ser kvarandre meir enn ein gong i året eller meir eller mindre.

Det har altså vore musikal og vinterferie igjen. The World of Oz var ein gladmusikal, men likevel måtte det kome litt tårer då vi var ferdige, nettopp grunna desse ulumske vindane og andre element som skal spreie oss longt vekk frå kvarandre i seinare tid, og det faktum at vi aldri meir skal lage musikal i lag spelte inn som ein tåreprodusent. Det var kjekt, daaa. Kjempekjekt!

Eg har gjort ein ting i vinterferien som eg er stolt av. Eigentleg to, men det er ein ting eg skal skrive om no som eg har gjort som eg er stolt av, som mor mi ikkje er så veldig begeistra for, men som eg er svært kry av meg sjølv for å ha gjort, fordi det var SMERTEFULLT, men no veldig pent.

Eg.. har.. tatovert meg!! JA DET HAR EG!

Den andre tingen eg er stolt av at eg har gjort, er at eg har skrive ein god del på særemnet mitt. Eitt av dei. Men det er ikkje kjekt, så eg går tilbake til den første tingen eg er stolt av som eg heller vil skrive om her.

Eg har no eit permanent ornament på ryggen. Det er ein sumarfugl, eller eigentleg eit slags omriss av ein sumarfugl med mønster inni. I ein augneblinks stoltheit kjøpte eg faktisk ein topp med bar rygg som eg skal ha på meg ved ei eller anna anledning der eg føler at eg liksom “tilfeldigvis” berre har pynta meg og OJ, der viste tatoveringa også. Knis.
Vil du sjå? Her:
sumarfuglen

No drikk eg vanilje-te som eigentleg ikkje er så god. Eg fekk te i lausvekt i julegåve i forfjor som eg ikkje har visst korleis eg skal lage, men så kom eg på ein lur ting. Eg lagar den i kaffitraktaren! Med fare for at framtidig kaffi kjem til å smake av vanilje og appelsin, har eg teke i bruk kaffitraktaren som te-maskin med suksessfullt utfall. Sjølv om den ikkje var så god. Men det er ikkje kaffitraktar-metoden min sin feil.

No skal eg snart på jobb. Russetid og klassetur står for tur, så pengar må tenast.
Adios.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.