
Off, blæh og jatakk
mars 4, 2008De er vel kjende med ordtaket “stille før stormen”. Slik det ser ut nuh, freistar det å vere i det semi-kreative språk-hjørnet og snu om dette til “storm før stillheita” (Finst det eit betre nynorsk ord enn “stillheit”? Hjelp meg med den). Alt er ein virvelvind av frustrasjon og stress (OOh, poetisk), og STORM er det som har føregått i hovudet mitt dei siste vekene. Prøver, framføringar, innleveringar, møter, mas og kjas, og stillheita skal i teorien senke seg over dei to komande vekene sidan klassetur og påskeferie står for tur.
Eg har ein klump i ryggrada som fortel meg noko anna enn at fred og kjærleik skal på magisk vis fordrive stormen i hovudet mitt dei komande vekene. Eg reiser til Trondheim, så Oppdal, så heimatt, så til London, og deet kan bli stress – MEN positivt stress, då! Særemne og anna dritt kjem til å henge over meg i påskeferien, eg skal jobbe og prøve å kome meg frampå i skulesamanheng. Påskefeire blir påskeblæh med andre ord.
Blæh.
OK, nok syting. Morgondagen skal tilbringast på høgskulen, der det finst arbeidsro, og kanskje eg klarer å gjere eit ærleg dagsarbeid der borte. POSITIVT: London blir kjempekjekt. Longt vekk, sosialt, koseleg og ei redige avkopling. Bursdags- og hadebrafest til Thomas som skal til USA, Poff, pang, russetid og skuleavslutning. Jaaaatakk til positive tankar og ei lys framtid.
Jatakk til Skruf som er eit lyspunkt for overleppa mi kvar dag også.
Jatakk til Madame Tussauds i London!
beatles.jpg
Kanskje litt seint ute, men:
I stille f2 (av II still)
1 stilt vêr; vindstille
I storm og s- / båten låg og dreiv i stilla
2 det at det ikkje er bråk; ro, togn
Nyte stilla om kvelden / bryte stilla
8)
Eeekkje ditte litt gammalt og klart for å slette nug?