h1

Poff og smell: Påskeferie

mars 29, 2007

elevtingetNo er det ein månad sidan eg oppdaterte bloggen min. Det kan vere som det var berre ein poff og ein smell så er det to dagar til påskeferie, og har det ikkje nettopp vore vinterferie?
Det har vore litt fleire poffar og smellar enn som so. Til å byrja med vil eg fortelje kort om Elevtinget eg var på.
I byrjinga av Mars var eg på Kaihuset og intervjua Dina, ei rumensk jente som jobbar som Au-Pair i Ørsta. Rett eterpå bestod eg teoriprøva og reiste til Oslo på Elevtinget. Poff og smell. Der vart delegat Karoline Marøy valgt inn i Sentralstyret i Elevorganisasjonen, noko som er lokal-aktuelt, difor skreiv eg artikkel til Møre-Nytt. Here it iz:

Elevorganisasjonen er ein partipolitisk uavhengig utdanningsorganisasjon som arbeider mellom anna for å betre standarden for norske elevar sitt fysiske og psykososiale arbeidsmiljø. I praksis vil det seie at Elevorganisasjonen har gjennomført og vil fortsette å gjennomføre konkrete tiltak for å forbetre skulane og elevane i den vidaregåande skulen sin kvardag. Mellom anna legg Elevorganisasjonen press på autoritetar for at dei ikkje skal gjere brot på rettigheitene til elevar, og sørger for gratis advokat for sine medlemmar om det kjem så langt at det trengst. Dei samarbeider tett med andre organisasjonar og alle dei politiske partia på forskjellige områder og har vakse seg sterke og innflytelsesrike dei siste åra.

Årets viktigaste veke i norsk skulesamanheng

For åttande år på rad heldt Elevorganisasjonen i vår det årlege Elevtinget i Oslo, der representantar frå elevråda på alle medlemsskulane deltok i debattar og voteringar over tema som er svært aktuelle blant elevar og elles i skulesamanheng i dag. Då var over 500 elevar samla i Samfunnssalen frå klokka ni om morgonen til seinast halv elleve om kvelden kvar dag i ei veke for å debattere og votere om Elevorganisasjonen sine standpunkt og politiske prioriteringar i tida framover.

Operasjon Dagsverk

Det vart mellom anna diskutert om kor vidt Elevorganisasjonen skal ta stilling til debatten undervisningsopplegget i faget sidemål i den vidaregåande skulen. Eit anna heitt debattemne var Operasjon Dagsverk som er ein solidaritetsaksjon i regi av Elevorganisasjonen. På Elevtinget vart det vedteke at Operasjon Dagsverk-pengane elevane i Norge arbeider inn neste år skal gå til Utviklingsfondet sitt arbeid for å forbetre utdanningssituasjonen i Nicaragua, Honduras og Guatemala.

Elevtinget vedtok også at Elevorganisasjonen skal opne for at ungdomsskular og lærlingar skal ha moglegheita til å verte medlem i tillegg til elevar i den vidaregåande skulen. Elevorganisasjonen vil satse på skulebesøk og foredrag for å gjere seg synlege. Folk skal vite og forstå kva dei står for og kva det inneber å være medlem.

På Elevtinget vart det valgt ny leiar, generalsekretær og medlemar til styringsorgana og komitéane. Delegat frå Volda Vidaregåande skule, Karoline Marøy (18), stilte til valg som sentralstyremedlem.

Karoline er elevrådsleiar på Volda Vidaregåande og er svært engasjert i elevrådsarbeid. Ho har skrive ei bok om elevråd som halvårsprosjekt på skule, og seier sjølv at når ho gjorde det, innsåg ho at ho ikkje var klar for å vere ferdig med å arbeide for elevar. Ho vart valgt inn i sentralstyret for Elevorganisasjonen og vil heile neste år bu i Oslo og arbeide for norske elvar sine rettigheiter til eit godt arbeidsmiljø. – Valget stod mellom å reise til Sverige og gå makeup-skule eller å arbeide for Elevorganisasjonen, seier Karoline. I år har ho arbeidd i Elevorganisasjonen sitt fylkesstyre i Møre og Romsdal og er klar for å avansere til det sentrale organet som er sentralstyret.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: